Eg ser at mange av dei eg følgjer med over i «Unaiten» har sånne 7 raske emne dei legger inn på Fredager…
Så eg tenkte at det vill eg også prøve… om eg klarer sju…ja, det trur eg nok…
- Det var en tøff start på dagen i dag. Lillemann gav meg ein knyttneve midt i planeten då eg prøvde å vekke han «gently». Eg krøyp oppi senga hans og snufsa litt på han og dermed så langa han ut ein «høyre hook» før han var våken…..
Så snudde han seg og sov vidare… Så sette eg meg opp og prøvde forsiktig å kitla han litt her og der, men han berre grynta og snøfta…og etter ei lang stund så sette han seg opp og rette peikefingeren mot meg og sa: PANG! Eg mått jo då leggje meg ned og lata som eg var troffen…og spilte død lenge nok til at han begynte å bli engsteleg og kyssa meg midt på nasen….
Og det hjalp! Gutungen var svært fornøgd og straks i betre humør. - Vi kom oss ut til ferdig smurt frukost og vi byttast på å dytta inn skiva mens han hoppa og spratt rundt i stua som han alltid gjere om morgonen. Viss ikkje vi gjere det, så får ikkje han mat i seg før han må på skulen. Han har tusen ting han skal gjera før han er klar. Vanligvis så må me både lesa høgt og spela spel…før guten er fornøgd.
- Å kle av han nattklede og bleie er eit kapittel for seg sjøl. For mor og far kan det vera ei skikkeleg prøve på vår tålmodigheit. For han vil ikkje…verken kle av seg…eller på seg. Vi prøvar med lokking og luring og alle formar for avleiingsmanøver, men gutungen gjennomskodar dei aller fleste. Han vil ikkje..uansett… og vi må mange gonger vere 2 for å klare dette. Gutungen er sterk som ein bjørn. Og vil han ikkje, så vil han ikkje…
- Å få han ut av huset om morgonen har også vore eit problem etter at han byrja på skulen. Det er ikkje få gonger vi har måtta bera han ut i bilen. Ein gong var han så lei seg at vi tok han inn igjen og let han vera heime. Så sa vi til skulen at vi hadde eit problem og etter det har det blitt betre. Kva dei har gjort veit vi ikkje heilt, men det har i alle fall blitt litt enklare å få han avgarde….( det blir nok tema på neste møte…
) - Som mange sikkert forstår, så er det ikkje alltid like enkelt å vera foreldre til eit barn som ikkje er som alle andre, men eg syns i grunnen vi har klart oss oss ganske bra. Med tanke på at vi ikkje er ungdommar lengre, så skal vi vel ikkje klage. Når vi ser på andre foreldre til barn med Downs som er i alderen 20-35, så ser dei like trøtte ut som oss…
- I det siste har gutungen funne ut at alt av tekstil har tråer som kan dragast ut og gjerne etast etterpå…. Han har øydelagt alle putene i stua og halvparten av sokkane sine. ( Kanskje meir…eg kjøpar stadig nye) No har han også sett at mor og far har klede med tråar i, så no må vi passe på…. ellers så må vi gå nakne alle saman…
- Gutungen elskar også å lage handlelister i lag med far sin og vera med i butikken og kjøpa mat. Det tar litt tid, men han får lesa på lappen og finne varer sjøl og han klarer seg bra. Han er ein liten luring den karen…( «stolt mamma» )
Han klarer også fint å sette på datamaskinen sin og logger seg på internett og har sine favorittstader han leiter opp der. Det blir ofte Emil, Pippi og dinosaurar det går i. Han logger seg også på Spotify og finner songer han liker der. Av og til blir han litt frustrert fordi han ikkje klarer å skrive orda heilt rett og då må eg hjelpe han litt, men ellers så klarer han seg utrulig bra. » E d løye me e stolte? «







Takk for historien.
Det er ikke helt A4 med Lillegutt bestandig, men han er nå en herlig gutt.
Er det like stas med garn i nøster, som tråder i klær?
Klem til du vet hvem og så håper jeg at dere slipper å gå nakne, DET blir kaldt det.
Ha en fin kveld.

mormor recently posted..Å drømme titler.
Garnnøster har eg ikkje hatt i hus på fleire år, men vi får se ka som skjer no når eg skal begynne å strikke til baby igjen…

Ha ein fin kveld du også!
Tante Farmor recently posted..7 raske på en Fredda…
Den greia med å røske ut tråder fra klær er han ikke alene om, hvis det kan være til noe trøst hehe

Ege Denne recently posted..Niqab og hørselshemmet / døv
Du også? Spiser du trådene også?

De kommer vel ut igjen som «perler på en snor»…he, he….
Tante Farmor recently posted..7 raske på en Fredda…
Går det greit


Klem til du vet hvem og deg
mormor recently posted..Weather Report
Jada, det går så bra så….
bare vært litt opptatt med å feire bursdag og denslags…
Men nå blir det ikke mer kaker på en stund altså…puh….
Kjekt at du tenker på oss!
Go klem i retur!
Tante Farmor recently posted..No Posts Were Found!
Går da bra med tante Farmor? Litt lite livstegn for tida….:)
Klem!
Nja, det kjem an på kim så spør…
No er han nysmørt og klar for bruk…( Takket være snill mann)
Men eg har begynt på eit ryddeprosjekt i kjelleren og e vorten så stiv og støl… au,au…
Men det er mykje som skjer no framover, så det blir lite tid til blogging…og sånt…
Eg e også gysla lei av å sitte «på røven» så eg prøver heile tida å ta fatt på prosjekter som inneberer litt bevegelse for kroppen. Eg får svi etterpå, men eg trur det er det som skal til for at skal få kroppen «i lage» igjen…og hvis ikkje det nyttar, så har eg i alle fall prøvd… ( doctor next..)
Eg har også henta sykkelen «fram frå glemselen»…nå gjenstår det berre å finne nøkkelen til låsen…
Så no ventar eg berre på våren….kjenner eg er veldig klar for den!

Klm
Tante Farmor recently posted..7 raske på en Fredda…
Liv i leiren?
Eller leire til livet?
Sender en virtuell vaffel
http://www.starbear.no/mormor/2012/03/02/noen-har-fatt/

Ha en travel dag
mormor recently posted..Noen har fått
Via M-M har jeg sett at du har bursdag, (i dag antar jeg), så leg iler til på din egen blogg med STORE GRATULASJONER i anledning 29-årsdagen + +
Happy Ever After 

Starbear recently posted..Bibellærde bør nilese dette mht. korrigeringer!
Du er litt seint ute…
, men tusen takk!
*Klem*
Tante Farmor recently posted..7 raske på en Fredda…